Vinjedagen: Nynorsk litteratur før og no

I år er det 200 år sidan forfattaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje blei fødd. Som ein del av Vinjejubileet 2018, arrangerer Telemark fylkesbibliotek ein dag dedisert til Vinje og den nynorske litteraturen både før og no. Målgruppa er bibliotekarar, lærarar, studentar, og andre interesserte. Arrangementet er gratis.

Sted: Kroa, Bø i Telemark
Tid: 23. april, kl. 11-15

Olav Vesaas har gitt ut ein biografi om Vinje, som kjem i ny utgåve i år, og vil halde eit føredrag for oss. Frå forlagets bokomtale av A.O. Vinje: «Olav Vesaas’ biografi går tett på denne motsetningsfylte mannen – overgangsfigur mellom tidsepoker, samfunnsklasser og ulike kulturer; journalist og dikter, frifant og samfunnsrefser, utskjelt og beundret og med flere uvenner enn venner – som skrev om seg selv, rett før han døde, at han kom til å gå ut av livet som en gåte».

I 2018 fyller Det Norske Samlaget 150 år. I jubileumsåret gir dei ut storverket Nynorsk litteraturhistorie skrive av Jan Inge Sørbø, som kjem til Bø for å presentere boka si. Boka er ei reise i den nynorske skjønnlitteraturen frå Ivar Aasen si tid og fram til i dag – og gjev eit heilt nytt perspektiv på norsk litteratur. Over 150 forfattarskap er representerte. Her finst kjende storleikar, så vel som forfattarar som fortener ny merksemd.

I april kjem Marit Eikemo ut med ein ny bok: Gratis og uforpliktande verdivurdering. Ho kjem til Vinjedagen for å bli bokbada av Gina Winje om den splitter nye boka si. Frå forlagets omtale: «Hanne er lei av å sjå dei vellukka vennene frå studietida bu i villa med hage og ha hytte på fjellet. Sjølv held ho på å gå på veggane i den same leiligheita, med mann og to små ungar. Eikemo viser kor skjørt og ustabilt eit vanleg samliv kan vere når det først blir gått nærare etter i saumane». Marit Eikemo har skrive både romanar og essays og er ein av samtidslitteraturen sine skarpaste stemmer. Ho blei tildelt Amalie Skramprisen 2017.

 

Program for dagen:

11-12: Olav Vesaas fortel om Aasmund Olavsson Vinje

12-13: Lunsj

13.00-13.45: Jan Inge Sørbø fortel om boka si Nynorsk litteraturhistorie

13.45-14.15: Pause

14.15-15.00: Marit Eikemo blir bokbada av Gina Winje

 

 

Påmeldingsfrist: 18. april

KROA I BØ

23. april 2018

Kl. 11:00 – 15:00

Translate »